Trådlaus TV

Har du planar om tv på loftet eller i kjellarstova, men gruar deg til alt styret med å trekka nettverkskabel? Då kan du pusta ut og slappa av. For me har Altibox trådlaus tv – eit produkt som gjer det mykje enklare å ta i bruk din Altibox dekodar! 

Det er langt frå noko hokus pokus:  Altibox trådlaus tv handlar rett og slett om å etablera eit trådlaust samband mellom heimesentralen og tv-dekodaren. Enkelt og greit.

To trådlause adapterar koplast til henhaldsvis tv-utgangen på heimesentralen og tv-dekodaren. Dermed vert det danna ei trådlaus bru som erstattar ein lang nettverkskabel. På denne måten kan ein kopla saman nettverksutstyr som ligg langt frå kvarandre utan å måtta trekka lange kablar rundt i huset.

Skulle du ha ekstra god peiling, syns du kanskje det er interessant å veta at teknologien som vert brukt er basert på standarden 802.11n 5GHz.

Me veit at mange har venta på denne moglegheita, og ser no fram til å kunna tilby kundane våre ein enda smidigare tv-kvardag.

Slik koblar du opp og fikser trådlaus TV

Altibox-dekodaren Huawei Q22 og heimesentralen FMG kan koplast saman trådlaust ved hjelp av ein trådlaus base og éin eller fleire trådlause mottakarar. Også eldre Altibox-utstyr kan settjast opp med trådlaus overføring. Trådlaus TV er ikkje like bra som TV tilkopla med nettverkskabel. Det er eitt alternativ for deg som ikkje har mogelegheit til å strekkje kabel gjennom huset.

Før du startar: Altibox anbefalar å bruke kabel der det er mogeleg. Vi anbefalar å ikkje bruka Wifi Pluss til å overføra TV-signal trådlaust frå heimesentral til dekodar.

  1. Kople trådlaus base til TV-utgang bak på heimesentralen ved hjelp av nettverkskabel (CAT5e eller høgare). Sjekk at basen er tilkopla straum.

  2. Kople trådlaus mottakar til dekoderen ved hjelp av nettverkskabel (CAT5e eller høgare).

  3. Skru på alle einheiter, begynn med sendar.

  4. Test TV-signalet. Dersom bildet hakkar, treng du betre forbindelse mellom trådlaus sendar og mottakar. Bruk ein forlenga nettverkskabel for å plassere dei nærare kvarandre. Ikkje set dei i eitt metallskap, då det hindrar signala.

Har du problem med trådlaus TV?

Kjør ein omstart på utstyret ditt i denne rekkefølga:

  • Ta ut straumen på utstyret, begynn med TV og dekodar, deretter trådlaus mottakar, trådlaus base og til slutt heimesentral.

  • Vent 30 sekund, set straumen på heimesentralen og vent 90 sekund.

  • Set straum på trådlaus base, vent so i 60 sekund.

  • Set straum på trådlaus mottakar og TV.

  • Når indikatoren for nettverk lys grønt på trådlaus base og mottakar, så set du straum på dekodaren.

Fortsatt problem etter omstart?

Tilbakestill til fabrikkinnstillingar på denne måten:

  • Hald inne «reset»-knappen på den trådlause basen (bruk ein binders, nål eller liknande) til du ser at den trådlause indikatoren
    forsvinn i displayet på einheiten.

  • Hald inne «reset»-knappen på trådlaus mottakar i 30 sekund.

  • Vent i 2 minutt. No må du kople saman det trådlause utstyret, heimesentral og TV-dekodar på nytt (sjå over).

 

Pris kr. 1.790,-